Vi vandra over den legendariske marknaden, mellom lukta frå framande varer, inn i medinaen, små tronge gater der mennene kauka og lokka med varer frå heile kontinentet, og lenger unna – frå der dei gamle karavanevegane henta sine varer
Den einaste hytta til Den norske turistforening (DNT) som nærast er sjølvforsynte med mat. Men på Far min sitt kjøkken gjer vi unntak frå denne regelen etter å ha smakt på fjellfisksuppa til kokken Kjell på Iungsdalshytta
Ofte blir det oppmalte, krydra kjøttet og spekket som skal bli til salami ståande nokre timar, dagar eller til og med veker for å starte ein fermeteringsprosess, akkurat som dei fabelaktige spekepølsene til Magnhild Dyrdal, kjent frå filmen «Folk ved fjorden»
Det syns eg er gøy, det er så flott med folk som satsar på det dei elskar og gjennomfører det. I dag har eg laga ein av hennar lasagne-variantar, og eg vart freista av denne klassiske ostelasagnen med tre ostar og spinat
Når du først går i gang med bønner, så kan du like gjerne koke ein heil pakke. Kos deg med meksikansk suppe, og inviter gjerne nokon over på middag, dette er mat til mange
I fjor mangla dei køyretyet som dyttar flyet bakover til rullebanen, dette enda den gong i at me mista overgangen til trondheimsflyet frå Amsterdam og dermed måtte ligge over i Amsterdam
Kok opp kremfløyta i ein liten kjele, og ha i eit par store skeier med lake frå ansjosen. Eg slit med å forstå kvifor ikkje «Janssons frestelse» er like vanleg på norske middagsbord som dei svenske
Vi vart inviterte opp i leiligheita til den eine venninna, og før eg visste ordet av det, hadde mora diska opp med dei lekraste rettar av mat frå Syria
Eg var så heldig at eg vaks opp i eit bestemorshus, og når ho hadde kokte poteter til overs lagde ho smakfulle, saftige potetkaker som vi fekk med ordentleg smør og sirup på
Spanjolar og portugisarar strøymde til norske hamner for å frakte med seg denne vedunderlege handelsvara sørover, til katolske samfunn der fastetida – og fråværet av kjøtt – opna eit enormt behov for slik andevendeleg fiskevare med nesten evig levetid i tørka tilstand
Granskudda blir ikkje rekna for å vere ei urt, men er kjent fråfolkemedisinen. Seigflytande, søt masse med ein eksplosjonsarta smak – unekteleg av skog, villmark eller kva du vel å kalle den delen av naturen
Nakkekotelettane er små, smakfulle og – som namnet seier – kjem det frå den mørare delen av dyret, med nok feittmarmorering som sørgjer for at kjøttet ikkje blir tørt om det blir handsama med omsorg
Kommentarer
Logg inn eller Registrer deg for å skrive en kommentar.